Vestlandspasienten.no er eit tilbod til deg som er pasient i Helse Vest. Her får du oversikt over
timeavtalane dine på sjukehuset, og det blir enklare for deg å få kontakt med
sjukehuset. Alle som er pasientar ved eitt av sjukehusa i Helse Vest kan no logge inn og sjå oversikt over timane sine og legge timen i sin eigen elektroniske kalender. Dette gjeld også pasientar ved dei private
ideelle sjukehusa.Dei aller fleste avdelingane i Helse Vest kan no ta imot elektroniske meldingar frå
pasientar. For å finne ut om den avdelinga du skal på tilbyr denne funksjonaliteten kan du logge
deg inn via vestlandspasienten.no og sjå om du har moglegheita til å bekrefte time og sende elektronisk melding til sjukehuset. Får du ikkje opp desse funksjonane, har ikkje avdelinga tatt i bruk meldingsfunksjonen enno. Dersom du ikkje kan sende elektronisk melding, kan du kontakte sjukehuset ditt på telefon.

Voss DPS NKS Bjørkeli kan ta i mot elektroniske meldingar.

Bekreft at du kjem til timen og send elektronisk melding

I tillegg til å sjå timen din kan du også bekrefte at du kjem til timen, og du kan sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar. Nokre få avdelingar har ikkje tatt i bruk meldingsfunksjonen enno. Høyrer du til desse avdelingane, kan du ta kontakt med sjukehuset på telefon. Løysinga vil bli utvida etter kvart og det vil bli lagt til fleire tenester i løpet av 2014 og 2015.

Sjå status på tilvisinga di

Lurer du på korleis det ligg an med tilvisinga di? No kan du følje med sjølv. Når du loggar deg på via vestlandspasienten.no og kjem inn på «Mine timeavtalar» vil du få to val: Du kan velje om du vil sjå timane dine eller tilvisingane dine. Vel du tilvisingar, kjem du inn på ei side ikkje ulik den for timeavtalar, men her får du opp tilvisinga di som er sendt frå, for eksempel, fastlegen din. Det står kven som sendte ho, når ho blei registrert på sjukehuset, og kva som er status.​

Når vurderinga er gjort vil du alltid få eit brev i posten med grunngjevinga og korleis du kan klage om du ikkje er einig i avgjersla. Når du får tildelt ein time vil den legge seg under «Mine timeavtalar» på
vestlandspasienten.no. Du får også brev i posten med informasjon om timen.

Fortsatt brev i posten

Foreløpig vil ikkje denne sida erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese brevet. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekne lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.