Samarbeid med pårørande ved Voss DPS NKS Bjørkeli – døgnavdeling

Me ynskjer å ha eit godt samarbeid med pårørande.

Me ynskjer at du som pårørande skal føla deg ivaretatt og velkommen ved Voss DPS- NKS Bjørkeli.

Pårørande er hjarteleg velkomne til avdelinga. Me har ingen besøkstid, men ynskjer helst at besøk vert lagt til ettermiddag og helg når behanlingstilbodet og aktivitetar i avdelinga er minst.

Me set pris på at pårørande henvender seg til personale når dei kjem på besøk. Personalet vil då syta for å finna eigna rom og vil ellers vera behjelpelege på andre måtar.

Ta hensyn til medpasientane i avdelinga. Bruk tileigna rom, stove eller pasientom til besøket. Felles- stove, tv-stove og kjøkken er for pasientane i avdelinga.

Me har tilrettelagt for at barn kan koma på besøk, og har leikekrok som dei minste besøkjande kan ha glede av medan dei er i avdelinga.

Institusjonen har tilbod om undervisning nokre gongar i året. Dette vil koma på oppslag i avdelinga eller bli annonsert på nettsida.

Våre pasientar er vaksne personar over 18 år. Dette betyr at kvar enkelt pasient har rett til å bestemma korleis samarbeidet skal vera med hensyn til pårørandemøte, informasjon, utlevering av opplysningar o.l.

Me set stor pris på tilbakemelding. Det er utarbeida eit eige evalueringsskjema for deg som pårørande. Evalueringsskjemaet kan du få i avdelinga eller skriva ut frå heimesida vår. Fint om du tek deg tid til å fylla ut dette. Skjemaet leverer du anonymt i postkasse i avdelinga.