Frå 1. mars 2015 har du fått din eigen kjernejournal på helsenorge.no.

Kjernejournal er ei ny elektronisk løysing i Helse Vest som samlar viktige helseopplysningar i ei kjelde. I kjernejournal får helsepersonell rask og sikker tilgang til helseopplysningar slik at dei kan gje tryggare helsehjelp.

Kjernejournal har begrensa innhald og historikk, og erstattar ikkje journal hos fastlege eller på sjukehus. Den nye løysinga utgjer eit viktig supplement, særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finne informasjon om helsetilstanden din.

I din kjernejournal kan du sjå fylgjande opplysningar:​

– Eigne registreringar
– Kritisk informasjon
– Legemiddel
– Besøkshistorikk frå sjukehus
– Logg over kven som har gjort oppslag i din kjernejournal

Ulike kjelder

Dei fleste opplysningane i kjernejournalen vert henta automatisk inn frå andre offentlege register.

I tillegg kan behandlande lege, i samråd med pasienten, registrera spesielle helseopplysningar som i ein akuttsituasjon kan få avgjerande tyding for val av helsehjelp. Desse opplysningane vert beteikna som kritisk informasjon.

Pasienten er sjølv kjelde til informasjon, og i kjernejournal har pasienten moglegheit til å registrera nokre opplysningar.

Du kan sjølv leggje inn opplysningar i din kjernejournal ved å logga inn via http://www.helsenorge.no «Min helse». Alle innbyggjarar får automatisk kjernejournal, men innbyggjaren kan reservera seg frå å ha ein kjernejournal.

Helsepersonell vil få tilgang til kjernejournal fra april 2015.

Les meir og logg deg inn her:
https://helsenorge.no/kjernejournal/hva-inneholder-kjernejournal