Voss DPS NKS Bjørkeli er opptekne av brukarverknad. Me ynskjer at kvar einskild person skal føla seg delaktig og ha mogelegheit for å påverka behandlingstilbodet.

Morgonmøte

Alle kvardagar er det morgonmøte i avdelingane. Dette er eit informasjonsmøte der ein oppmuntrar til delaktigheit og innspel.

Brukarutval

NKS Bjørkeli har brukerutval der 2 tidlegare pasienter deltar saman med ein representant frå Mental Helse og to representantar frå NKS Bjørkeli. Det er møte 6 gonger i året. I tillegg deltar ein – to representantar for inneliggjande pasientar.

Brukarevaluering/ Pårørandeevaluering
Alle pasientane/pårørande på NKS Bjørkeli har tilbod om å evaluera opphaldet. Det vert utlevert eit evalueringsskjema som ein kan fylle ut under opphaldet eller ved utskriving. Resultat frå evalueringsskjema vert drøfta i brukarutval, leiargruppa og på fagmøte.

Brukarrepresentant

Det er brukarrepresentant frå Mental Helse med i styret på Voss DPS NKS Bjørkeli.

Brukarstyrt plass

– Innlegginga skal vera kortast mogleg, maks 5 døgn.
– Etter bruk av brukarstyrt plass, kan ikkje pasienten nytta plassen igjen før etter 3 veker.
– Dersom pasienten har behov for lengre opphald, må det vurderast overføring til ordinær plass. Dersom dette ikkje er mogleg må pasienten skrivast ut og søkjast inn som vanleg listepasient.
– Inntak alle dagar mellom 07.00 – 2100, etter telefonisk kontakt med ansvarshavande på avdelinga.
– Pasienten må sjølv sørgje for transport.
– Pårørande eller hjelpeapparat kan ta kontakt på vegne av pasienten.
– Dersom det ikkje er ledig brukarstyrt plass, må pasienten henvende seg til fastlege/legevakt for ordinær innlegging.
– Pasienten må møte rusfri.
– Bagasjen til pasientar med rusproblematikk vil bli gjennomgått av personale.
– Pasienten må ha med eigen medisin som vert levert inn.
– Avtalen skal inngå i pasienten sin individuelle plan.

Sjå ellers Helsedirektoratets beskrivelse om brukarmedverknad her