Det er sikkert mykje du lure på når mamma eller pappa er sjuk.
Du synast kanskje at den som er sjuk oppføre seg annleis enn vanleg, er lei seg, irritert eller sint?

Ofta har ein mange spørsmål når nokon i nær familie vert sjuk;
Kva har eigentleg skjedd?
Kan eg òg verta sjuk?
Kvifor klare eg ikkje å sove?
Vert mamma eller pappa meir sjuk dersom eg vert lei meg eller sint?
Kva skal eg fortelje til venene mine?
Kvifor tenkjer eg annleis enn syskene mine?

Av og til kan det være vanskeleg å snakka saman i familien om sjukdomen.

Me på Bjørkeli kan snakka med deg om det du er oppteken av i samband med at mamma eller pappa er sjuk.

Når du veit kva sjukdomen går ut på, korleis den verkar og kva behandling den som er sjuk får så kan kvardagen bli litt lettare.

Det er vanleg at ulike tankar dukker opp når ein av foreldra er sjuke, me ynskjer difor å sei til deg at;

  • Det er vanleg å bli både redd, sint og lei seg.
  • Det er ikkje di skuld.
  • Barn kan ikkje gjera den sjuke frisk. Det er det vaksne som må ta seg av.
  • Det går an å verta frisk av psykisk sjukdom, men nokon kan verta sjuke igjen seinare. Andre vert ikkje heilt friske, men vert mykje betre.
  • Du er ikkje den einaste, det finst mange andre born og ungdomar i same situasjon som deg.
  • Du har lov til å ha det bra.
  • Ta vare på deg sjølv, gjer  ting som du likar og som gjev deg energi. Dette kan gje deg krefter til å takla det som er vanskeleg heime.

Du kan ringa oss dersom du har spørsmål eller ynskjer nokon å prata med.

NKS Bjørkeli sitt telefonnummer: 56 52 39 40