Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

eMeistring

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon. Veileda internettbehandling inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar via internett. Behandlinga er inndelt i kapitel med tekst du skal lese, og oppgåver du skal gjere. Behandlinga varer inntil 14 veker. Med veileda internettbehandling vil du sleppe reiseveg til behandlinga, og du får muligheit til å jobbe med behandlinga når det passer best for deg.

Det er ingen behandlarar ved Voss DPS som er tilknytt eMeistring, men pasientane har tilbod om deltaking, anten via direkte kontakt via eMeistring i Helse Bergen eller spør din behandlar ved Voss DPS.​

Ønsker du å komme raskt i gang med behandling?

Pasientar i Bergensområdet (inkl. Voss lokalsjukehusområde) kan ta direkte kontakt med eMeistring. Du treng ikkje tilvising frå fastlege. Vi anbefaler alle å lese informasjonen du finn under «Behandlingsprogramma» før du startar i eMeistring.

 

Søknad om eMeistring

 

Les meir om eMeistring på Helse Bergen sine nettsider

Sist oppdatert 28.02.2023