Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Psykodynamisk terapi

Psykodynamisk terapi er samtalebehandling som har fokus på negative opplevingar tidlegare i livet, der ein jobber med å forstå og gjennomarbeide tapsopplevingar, og forstå den psykologiske bakgrunnen for reaksjonen på tapet.

Før

Om du klarer å gjere nokre små endringar i positiv retning i tida frem til din første samtale, er det verdifullt. Det kan vere å starte forsiktig med fysisk aktivitet eller noko anna behandlaren din anbefalar. Allereie når du blir søkt inn til behandling kan det vere lurt å tenke over kva mål du har for behandlinga.

Under

Du vil møte ein terapeut som du har gjentatte samtalar med. Antallet samtalar vil dere vurdere saman. I psykodynamisk terapi for depresjon arbeider du og terapeuten din saman om dei negative opplevingane du ber på. Saman blir dere einige om måla for din behandling.

Ein tenker gjerne at mykje av følelseslivet vårt er på eit ubevisst plan, og at til dømes angst ofte er eit symptom på at ein ikkje har kontakt med følelsane, eller kan ha vanskar med emosjonell nærleik til andre.

Nokre gongar kan depresjonen ha «satt seg fast» i deg. Kanskje har du ein følelse av «at ingenting nyttar», eller følelsen av «å aldri vere god nok». Eit strengt sjølvbilde der både skuld og skamfølelse sit djupt, vil naturlegvis gi innverknad på livskvaliteten til den enkelte. Ein annan person kan kanskje ha ein djup følelse av å kjenne seg tom, einsam, og med ei livshistoriehistorie som ber preg av svært lite opplevd emosjonell stadfesting og lite følelsesmessig kontakt i nære relasjonar. 

Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp. Opplever du at kontakten mellom deg og behandlaren ikkje er god og trygg, har du lov å seie ifrå om det.


Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil vere tema i slutten av behandlinga.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag STENGT
Endrede åpningstider
  • 01. mai STENGT
  • 09. mai STENGT
  • 17. mai STENGT
  • 20. mai STENGT
Normale åpningstider
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT