Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Medisinfri behandling

Medisinfri behandling er eit tilbod for pasientar over 18 år i psykisk helsevern som tradisjonelt er blitt behandla med medikament. Har du for eksempel kronisk depresjon og angst, eller langvarige relasjonsproblem / personlegdomsproblematikk, vil du kunne få tilbod om eit medisinfritt behandlingsalternativ.
Medisinfri behandling betyr at behandlingstilbodet blir lagt opp i samarbeid med deg ut frå tilstanden din. Gjennom tilbodet vårt vil vi hjelpe deg med å nå eigne mål, ha god kunnskap om eigen sjukdom, oppleve kontroll og meistring av eige liv. 
 
Du er sjølv med på å bestemme om du skal bruke medisinar eller ikkje, som ein del av behandlinga di. Våre fagfolk skal sikre at du har den informasjonen du treng, for å kunne ta val som påverkar behandlinga di. 
 
Medisinfritt tilbod kan også vere for deg som bruker medisinar, og som ønsker å prøve behandling utan. Vi planlegg ei forsvarleg nedtrapping av medisinane dine samtidig som du mottar andre behandlingstilbod. 


Tilvising og vurdering

Fastlegen og behandlarar i spesialisthelsetenesta kan tilvise til utgreiing. Dei vil saman med deg vurdere om dette er eit eigna tilbod for deg. 

Før

Du vil bli kalla inn til samtale for å kartlegge tilstanden din og behova dine. Vi vil saman vurdere om eit medisinfritt tilbod er forsvarleg for deg, slik at sjukdommen og symptoma ikkje blir verre når du mottar tilbodet. Du får også meir informasjon om behandlingstilbodet og opphaldet. På vurderingsdagen møter du teamet vårt. Vi vil snakke med deg om motivasjon og målsetting for behandlinga, kartlegge psykiske plager, fysisk helse og samarbeid med familie og lokale hjelpeinstansar. 

Dersom du som pasient skal lykkast med eit medisinfritt behandlingstilbod, er det viktig at du er motivert og klar for å jobbe aktivt med den psykiske lidinga di.  


Under

Vi tilbyr eit behandlingsopphald der vi bruker «recovery» som behandlingsplattform. Det vil seie at vi legg vekt på tilbakemeldingar frå deg for å tilpasse behandling undervegs og sikre at du får maksimalt utbytte av behandlinga. Ei grunnleggande haldning i «recovery» er trua på at ein trass psykiske vanskar kan ha ein god og meiningsfull kvardag. Behandlar og brukar jobbar som likeverdige partnarar mot målet til brukaren. Brukar er ekspert på seg sjølv, og behandlar er ekspert på det faglege. Målet er at du får tilstrekkeleg med kunnskap, ferdigheit, nettverk og støtte til å ta ansvar for eigne val og eige liv. 

Tilbodet vil også bestå av eit program som inneheld fysisk aktivitet og trening. Du vil få meir informasjon om kva du treng å ta med deg av friluft- og treningsutstyr før opphaldet ditt. 

Godt kosthald og å oppretthalde sosialt nettverk og funksjon i dagleglivet står også sentralt. Vi prøver så langt som mogleg saman med deg å ha eit nært samarbeid med pårørande, fastlege og det kommunale helsetilbodet. 

Du får eigen timeplan som du følger gjennom opphaldet. 


Etter

Etter avslutta medisinfritt behandlingstilbod vil vidare oppfølging skje anten hos fastlege og kommunen eller i spesialisthelsetenesta.   

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Dei fleste skal under og ved avslutta behandling ha fått utarbeidd ein eigen plan for å førebygge og meistre tilbakefall. 

Ved behov for og i samarbeid med deg og aktuelle instansar, vil vi utarbeide kriseplan og bidra til etablering av individuell plan. Vi tilbyr også oppfølgingssamtaler etter nokre månader. 

Kriseplan 


Ein viktig del av behandlinga er å gjere både pasient og omgivnader i stand til å fange opp tidlege teikn på forverring. 

Ein kriseplan skal hjelpe deg å: 
  • oppdage tidlege teikn på forandring 
  • planlegge korleis du kan stoppe ei negativ utvikling 
  • fortelje deg korleis du på best mogleg måte kan søke hjelp 

Planen skal vere skriftleg og blir utarbeidd i samarbeid med hjelpeapparatet og dine nærmaste. Hjelpeapparatet forpliktar seg til å følge denne planen. 

Eksempel på kriseplan frå Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid: https://www.napha.no/multimedia/37/beredskapsplan.pdf   


Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

Besøkstider

Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
Endra opningstid
  • 01. mai STENGT
  • 09. mai STENGT
  • 17. mai STENGT
  • 20. mai STENGT
Normale opningstider
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT