Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Medikamentell behandling ved tvangslidelser (OCD)

Dersom det ikkje er aktuelt med eksponeringsbasert behandling (ERP), eller i tilfelle der personar har gjennomgått eksponeringsbehandling og ikkje hatt nytte av dette, kan medikamentell behandling med antidepressiv vere til god hjelp.

Kunnskapsbasert behandling for vaksne med tvangsliding omfattar eksponeringsbaserte kognitive-åtferdsterapeutiske tilnærmingar og medikamentell behandling, der dei psykologiske tilnærmingane er førsteval. I nokre tilfelle vil medikamentell behandling også kunne vere nyttig for å komme i posisjon til å kunne nyttiggjere seg og lære prinsippa for eksponeringsbasert behandling. 

Før

Før oppstart blir det kartlagt kva medikament du eventuelt bruker, eller har brukt tidlegare. Du vil også få ei grundig forklaring på kvifor medikamentell behandling blir anbefalt, kor lang tid det kan ta før du oppnår forventa effekt og informasjon om biverknader. Kor lenge det er venta at behandlinga varer, er også viktig for deg å vite noko om. 

Det er også viktig at du tar medikamenta som er føreskrive av lege. 


Under

Det bør jamleg bli vurdert om du faktisk blir betre av medisineringa. Dette blir gjort gjennom intervju og strukturerte spørjeskjema, og andre tiltak om det er behov for det. Om lag to veker etter oppstart av behandling blir du kalla inn til lege for oppfølging. Dersom legen vurderer at det er ein risiko for sjølvmord, skal oppfølging skje alt etter ei veke. 

Nokre gonger kan det vere aktuelt å bytte til eit anna preparat, på grunn av manglande effekt eller på grunn av sterke biverknader som ikkje går over. Dersom du skal slutte med medikamentet er det viktig at dette blir gjennomført i samråd med lege. Dette fordi det då er viktig at nedtrappinga går føre seg gradvis for å unngå potensielt sterke symptom. 


Etter

Når det er funne effektiv medisin mot OCD-symptoma dine, bør den halde fram i minst tolv månader etter reduksjon eller bortfall av symptom. Deretter bør behovet for vidare medikamentell behandling blir vurdert fortløpande samtidig som du blir tilbydd ny vurdering ved OCD-team med tanke på eksponeringsbehandling. 
For å unngå biverknader ved nedtrapping og avslutting av medisinar bør dette skje gradvis over fleire veker eller månader i samråd med legen din. 


Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad


Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss