Om poliklinikkane
Allmennpsykiatrisk poliklinikk
Funksjonar i senteret
Psykiatriske plagar kan vera samansette og nokre gonger omfattande og langvarige. Dette gjer det naudsynt med individuelt tilpassa opplegg med ei tverrfagleg tilnærming.
Fagteamet har psykiatar, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykolog og klinisk sosionom. I tillegg har me og IPS-metoderettleiar og jobbspesalist. Desse vil samarbeida med og om den enkelte pasienten og med pasienten sin fastlege eller annan tilvisande instans.
Allmennpsykiatriske tilbod omfattar
Vurderingar, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar.
Di meining er viktig for oss
Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli allmennpsykiatrisk poliklinikk set me pris på om du som pasient og tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema etter endt behandling. Skjemaet er anonymt og kan enten sendast til oss per post eller legg det i postkasse merka med evalueringsskjema på avdelingen.
Evalueringsskjema poliklinikkane.pdf
Gruppeteamet ved allmennpsykiatrisk poliklinikk
Gruppeteamet er ein del av Voss DPS og er tenkt som eit utvida tilbod mellom døgnavdelinga og allmennpsykiatrisk poliklinikk.
Avdelinga består av ulike faggrupper som lege, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, ergoterapeut, psykomotoriske fysioterapeutar, familieterapeutar og sosionom.
Me ynskjer å jobba systematisk og tverrfagleg saman med pasienten for å utforma eit godt, individuelt behandlingsforløp.
Gruppeteamet tilbyr dagbehandling to dagar i veka og gruppetilbod tre dagar.
Dagbehandlingstilboda går hovedsakleg føre seg i grupper, som har noko ulikt fokus og lengde, i tillegg vert det individuelle samtalar. Det vert og tilbod om par-/familie-/nettverkssamtalar.
Gjennom behandlingsprogrammet ynskjer me å jobba saman med pasient for å betra livskvaliteten, styrka og oppretthalda nettverk, redusera symptom, læra ulike mestringsstrategiar og fremja eigne ressursar.
Brosjyre for dei ulike tilboda ved gruppepoliklinikken kan du laste ned ved å klikke på dokumentene under:
Brosjyre - GruppetilbodBrosyre - dagbehandling Brosjyre - Psykomotorisk fysioterapi Brosjyre - NettverkPresentasjon av gruppene kan du laste ned herInformasjon om MBT behandling ift. samarbeidspartnarar, t.d fastlegar og private psykologar kan du sjå her
Di meining er viktig for oss
Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli gruppepoliklinikken set me pris på om du som pasient og tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema etter endt behandling. Skjemaet er anonymt og kan enten sendast til oss per post eller legg det i postkasse merka med evalueringsskjema på avdelingen.
Evalueringsskjema for pasientar ved gruppeteamet kan du laste ned her

Illustrasjonsfoto
Rehabiliteringspoliklinikken
Rehabiliteringspoliklinikken tilbyr eit tverrfagleg behandlingtilbod til personar over 18 år med psykiske lidingar som medfører alvorleg funksjonssvikt og/eller samansette behov.
Individuell oppfylging
Me kan tilby samtalar, medikamentell oppfylging, psykoterapi, fysioterapi, kartlegging og avklaring av hjelpebehov. Me tilbyr også hjelp til å søkja tenester, samt etablering av samarbeidsgrupper og individuell plan.
Gruppebehandling
Me tilbyr ulike former for gruppebehandling. Ein tek då sikte på å fremja utvikling og endring gjennom deltaking i eit gruppefellesskap. Verkemiddel i gruppene kan vera undervisning, samtale, utveksling av erfaringar, kreative arbeidsformer, fysisk aktivitet og praktisk samhandling.
Samarbeid med pårørande
Pårørande er ein viktig ressurs for å yta god behandling. Me legg vekt på eit godt samarbeid med pårørande i dei tilfeller der partane ynskjer dette.
Nettverksarbeid
Rehabiliteringspoliklinikken samarbeider med andre som har med pasienten å gjera. I samråd med pasienten utveksler me informasjon og samordnar tenester innan Voss DPS, med kommunen og med andre instansar. På den måten kan me bidra til at hjelpeapparatet fungerer best mogleg.
Rehabiliteringspoliklinikken er eit ambulant team
Me legg vekt på å tilby hjelp der pasienten er. Dersom det er mest teneleg kan behandlinga og kontakten skje i heimen, i nærmiljøet eller på annan høveleg stad.
Korleis koma i kontakt med rehabiliteringspoliklinikken?
Kontakt med rehabiliteringspoliklinikken skjer gjennom tilvising frå fastlege.
Allmennpsykiatriske tilbod omfattar:
Vurderingar, individuelle psykoterapeutiske samtalar, par- og familiesamtalar, medikamentell behandling.
Rehabiliteringspoliklinikken har som målgruppe pasieater med psykiske lidingar med alvorleg funksjonssvikt.
Di meining er viktig for oss
Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli, rehabiliteringspoliklinikken set me pris på om du som pasient og tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema etter endt behandling. Skjemaet er anonymt og kan enten sendast til oss per post eller legg det i postkasse merka med evalueringsskjema på avdelingen.
Evalueringsskjema for pasientar ved rehabiliteringspoliklinikken kan du laste ned her