Døgnavdelinga har plass til 12 pasientar og ligg i hovedbygget i Bjørkelivegen.
Våre hovedoppgåver er:
- Utgreiing og behandling av pasientar
- Utdanning av helsepersonell
- Opplæring av pasientar og pårørande
Hovudinngang, døgnavdeling
Fyrste helga etter innkomst frårår me permisjon. Vidare skal permisjonar avklarast med avdelingsleiar. Permisjonar skal ha eit klart formål. Helgepermisjonar skal avtalast før kl. 13.00 torsdagar.
Kvar morgon kl 09:15 i daglegstova.
Me har undervisning for pasientar og pårørande, sjå eiga liste i avdelinga.
Det er ikkje tillate å bruke alkohol eller andre rusmidlar under opphaldet.
Rusmiddeltesting:
Ved rusproblematikk tar me regelmessig urinprøve. Konsekvensar og behandlinga vidare vert individuelt for den enkelte.
Ein har dessverre noko dårleg parkeringsmoglegheiter ved insitusjonen. Kjem du med eigen bil ber me deg ta kontakt med avdelinga for å få tilvist plass.
Ein legg til rette for besøk i avdelinga. Ein har ikkje besøkstider, men ynskjer fortrinnsvis at besøk vert lagt til ettermiddag, kveld og helg slik at dette ikkje går ut over avtalar/behandlinga.
Døgnavdelinga har vaskemaskin slik at du har anledning til å vaska kleda dine sjølv. Vaskemaskina deler du med dei andre pasientane i avdelinga.
Ein rådar alle til å ta med innesko til bruk i avdelinga. Ein ynskjer ellers fokusera på fysisk aktivitet og ber difor kvar enkelt ha med seg gode sko og klestøy til bruk ved trim og tur.
Kvar enkelt held rommet sitt i orden så langt det let seg gjera. Måndag, onsdag og fredag formiddag blir bad og golv på romma vaska av reinhaldspersonale. Alle ryddar av bordet etter måltida.
Det er obligatorisk brannøving for pasientane.
Det skal vera ro i avdelinga etter kl 23:00 (helg kl 24:00). TV vert slått av 23/24.
Me frårådar bruk av mobiltelefon i fellesrom.
Det er trådlaust nettverk ved institusjonen.
Det er to tv-stover i avdelinga.
Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli døgnavdeling set me pris på om du som pasient og/eller pårørande tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema for opphaldet ditt. Skjemaet er anonymt og kan enten sendast til oss per post eller legg det i postkassa merka "Evalueringsskjema" på avdelingen.
Evalueringsskjema for pårørande ved døgnavdelinga kan du laste ned her
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.