Psykomotorisk fysioterapi Voss DPS
Me er to psykomotoriske fysioterapeutar ved Voss DPS som er tilknytta alle avdelingane, men organisert som eigen fagavdeling. På den måten kan me følge opp pasientar i ulike behandlingsfasar og byggje opp under ei heilskapleg og prosessorienterert tilnærming.
Helga er primært tilknytta rehabiliterings- og allmenn/gruppepoliklinikken, samt ansvarleg for bevegelsesgruppa som er ein del av dagbehandlingstilbodet. I tillegg er ho gruppeterapeut ved gruppepoliklinikken i traumestabiliseringsgruppa. Silje har ansvar for oppfølging av pasientar i døgnavdelinga og allmenn/gruppepoliklinikken. Sjølv om me har fordelt hovudansvar for dei ulike avdelingane mellom oss, er me fleksible og opptatt av å fylgje «våre» pasientar ved overgang til ny avdeling. På denne måten ynskjer me å bidra til å halde ein raud tråd i behandlinga for å understøtte den einskildes betringsprosess. Dersom det av ulike årsakar vurderast som formålsteneleg, fordeler me pasientar mellom oss uavhengig av hovudansvarområde.
Mål for fysioterapitilbodet: Fremje meining og meistring gjennom kropp og bevegelse
Fysioterapitilbodet har som mål å understøtte den psykologiske behandlinga til pasientar med ulike formar for kroppslege plagar. Me tek utgangspunkt i bestilling frå hovudbehandlar/behandlingsteam.
Bakgrunn for ynskje om fysioterapivurdering må kome tydeleg fram i bestillinga for å sikre vidare heilskapleg oppfølging og samarbeid rundt pasienten
Me tilbyr i fyrste omgang vurderingstime/ar med fokus på kroppsundersøking og samtale rundt den einskildes forståing og meistring av sine kroppslege plagar. Vidare oppfølging kan vere aktuelt dersom det vert vurdert som formålstenleg, samt at pasient ynskjer- og er motivert for dette. Konklusjonen i fysioterapivurderinga vert utgangspunkt for eventuell vidare oppfølging.
Psykomotorisk vurdering
Dette er ei ressursorientert kroppsundersøking og samtale med vekt på undersøking av kroppslege symptom, kontakt med muskelspenningar og pust, samt vurdering av pasienten si eiga oppleving av kroppslege plagar- og meistring av desse. Ei slik vurdering kan vere til hjelp både i utredning- og behandlingsforløp.
Gjennom ein eller fleire vurderingstime/ar, har me fokus på å fremje bevisstgjering og meistring av kroppslege plagar, samt fremje oppleving av samanheng mellom psykisk og fysisk helse. Oppfølginga krev ei aktiv og utforskande deltaking frå pasient og det er difor viktig at pasient ynskjer- og er motivert for dette.
Psykomotorisk behandling
Hovedfokuset i psykomotorisk behandling er samspelet mellom muskulatur, pust og bevegelsar. Me legg vekt på ei aktiv deltaking frå pasient og jobbar med bevisstgjering og fortrulegheit til eigen kropp. Me brukar ulike metodar og øvingar i pasientbehandlinga, og samtale og refleksjon er ein viktig del av behandlingsprosessen. Behandlingsintervall- og varigheit på oppfølging vert evaluert fortløpande og drøfta med hovudbehandlar og øvrig behandlingsteam.
Informasjonssamtale om bevegelsesgruppa
Aktuelt for pasientar som skal gå i dagbehandling. Samtalen legg vekt på å bli kjent med den einskilde deltakar og kartlegge kroppslege ressursar/eventuelle plagar. Vidare er det viktig at deltakarane forstår hensikta med bevegelsesgruppa, slik at den vert opplevd trygg og meiningsfull. Pasientar i døgnavdelinga som skal gå vidare i dagbehandling er velkomne til å delta i bevegelesesgruppa etter gjennomført samtale med fysioterapeut