På Tvers

Bygg 2
Les meir om På Tvers

På Tvers

Musikkterapi og fysioterapi er frå 01.01.20 organisert i ny avdeling, På Tvers. 

På Tvers viser til at me fylgjer opp pasientar ved alle avdelingar - og i ulike behandlingsfasar. Me som jobbar på tvers har fokus på ei heilheitleg og prosessorientert pasienttilnærming, og me er opptatt av ei aktiv deltaking frå pasient. 

Me held til i bygg 2. Fysioterapi i 2. etasje. Musikk i kjellaretasje.  

Recovery-tankegangen er med oss i oppfylging. Me tek utgangspunkt i bestilling frå hovudbehandlar og oppfylging tilpassast i samråd med den einskilde pasient. Behandlingsmål- og tiltak dokumenterast i behandlingsplan og evaluerast regelmessig. 

Fysioterapi

Fysioterapitilbudet har som mål å understøtte den psykologiske behandlinga til pasientar med ulike former for kroppslege plagar. Oppfølging av pasientar tek utgangspunkt i fysioterapivurdering, kor den einskilde si eiga oppleving og forståing av sine vanskar er av stor betydning for rammane i den vidare oppfølginga.

Kroppen er innfallsvinkelen i psykomotorisk fysioterapi og samspillet mellom muskulatur, pust og bevegelsar står sentralt. Me vektlegg ei aktiv deltaking frå pasient og jobbar med bevisstgjering og fortroligheit til eigen kropp. Me brukar ulike metodar og øvingar i pasientbehandlinga, og samtale og refleksjon er ein viktig del av behandlingsprosessen.

I tillegg til individuell oppfylgjing, har me også ansvar for bevegelsesgruppe for pasientar tilknytta dagbehandling. Dette er ei lavterskel gruppe med fokus på å fremje ei positiv oppleving gjennom kropp og bevegelse.

Me er til saman tre fysioterapeutar tilknytta «På tvers» avdelinga. Helga og Silje er spesialfysioterapeutar med vidareutdanning i psykomotorisk fysioterapi. 

Helga har ansvar for oppfylgjing av pasientar tilknytta rehabiliteringsavdelinga, mens Silje fylgjer opp pasientar i døgn- og dagavdeling. Pasientar tilknytta gruppe- og allmennpoliklinikk fordelast mellom alle fysiotarapeutane. Tunuskandidat er primært tilknytta døgn- og dagbehandling, men og øvrige avdelingar.

Musikkterapi

Pasientar ved Voss Distriktpsykiatriske Senter (DPS) kan få tilbod om musikkterapi individuelt eller i gruppe. Individuelle målsetjingar blir satt opp i samarbeid med musikkterapeut og behandlar. Arbeidsform vert tilrettelagt etter den enkelte sin situasjon og behov. Sentrale verktøy i den musikkterapeutiske prosessen kan vera song, samspel, låt-skriving, opplæring i instrument, improvisasjon, innspeling eller preferansebasert musikklytting - gjerne kombinert med samtale. Forkunnskap i musikk er ikkje nødvendig.

Musikkterapi er ei ressursorientert terapiform. Det vert lagt til rette for at pasienten kan utforske og stimulere dei sterke sidene sine i musikalsk samhandling. Eit overordna mål i ressursorientert musikkterapi er å skape gode mellommenneskelege opplevingar gjennom lystbetont samarbeid, der brukarinvolvering og likeverdige relasjonar står sentralt. I tråd med recovery-tradisjonen, legg ein vekt på å stimulere til oppleving av meistring, håp og motivasjon.

Forsking ved Griegakademiets Senter For Musikkterapiforsking (GAMUT), Uni Research/Universitetet i Bergen, syner at musikkterapi i psykisk helsevern har positiv effekt på motivasjonsnivå, affektiv tilstand, stemningsleie og relasjonelle og sosiale dugleikar. Dei empiriske funna er særleg relatert til depresjon, angst, schizofreni og schizofreniliknande sinnslidingar.

I nasjonale retningslinjer for psykosebehandling tilrår Helsedirektoratet bruk av musikkterapi på høgaste evidensnivå og med høgaste gradering. Musikkterapi er spesielt tilrådd for å redusere negative symptom. Behandlinga bør i følgje retningslinjene starte i ei så tidleg fase som mogleg, samt utførast av terapeutar med godkjend utdanning innan musikkterapi.

Ved Voss DPS er tilbodet om musikkterapi tilgjengelig for alle pasientar, uavhengig av tilhøyrande avdeling.

Musikkterapeut Tor Øyel Bidne Kvitne som er ansvarleg for tilbodet, og kan stille på samarbeidsmøter eller liknande med pasient tilstade viss pasientar er nysgjerrige på tilbodet.

Les meir om musikkterapi her

Kontaktinformasjon

Telefon
56 51 40 00
Voss DPS NKS Bjørkeli
Besøksadresse
(Kart)
Bjørkelivegen 27
Besøkstider
måndag - sundag etter avtale
Telefon
56 51 40 00
måndag - fredag Sentralbord 08:00-15:30*
laurdag - sundag Sentralbord stengt*
*Døgnavdeling er tilgjengelig 24/7
Fann du det du leita etter?