Her er eit oversyn over andre nettstader som kan vera nyttige for deg som pasient eller deg som pårørande.

N.K.S

Norske Kvinners Sanitetsforening er Norges største og eldste kvinneorganisasjon, og har som mål å framstå som landets ledande organisasjon knytta til kvinners livsvilkår.

N.K.S Hordaland er eigar av N.K.S Bjørkeli, har representantar i styret og gjev årleg gåver til trivselstiltak for pasientane.

For meir informasjon, Gå til nettstad

N.K.S Kløverinstitusjoner

N.K.S. Kløverinstitusjoner as er eit utviklingsselskap og ressurssenter for institusjonar eigd av Norske Kvinners Sanitetsforeining. Selskapet skal være pådrivar for kvalitet, verdigheit og brukarmedverknad.

Voss DPS NKS Bjøkeli er ein del av NKS Kløverinstitusjoner.

For meir informasjon, Gå til nettstad

Mental helse

Mental Helse er ein sosialpolitisk interesseorganisasjon som jobbar for at alle skal ha ei best mogleg psykisk helse. Visjon: Alle mennesker skal ha moglegheit til å leve eit liv basert på uavhengigheit, sjøvstendigheit og meistring.

For meir informasjon, Gå til nettstad

Rådet for psykisk helse

Her kan du lesa om korleis helsetilbodet til mennesker med psykiske problem er bygd opp og kvar ein kan søkje hjelp, du kan få oversikt over omfanget av psykiske lidingar i Norge, finne ut kva som gjer god psykisk helse og lese om psykiske lidingar, meistring og kva du kan gjera.

For meir informasjon, Gå til nettstad

Helse Vest

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest skal sørgje for at dei rundt 1 million innbyggjarane i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

For meir informasjon, Gå til nettstad

Voksne for barn

Organisasjonen Voksne for Barn er ein landsomfattande, ideell medlemsorganisasjon. Oppdraget er å bidra til at barn og unge får ei god psykisk helse. Deira oppgåve er å arbeide for barn og unges behov, interesser og rettigheter relatert til deira oppvekstmiljø og psykiske helse.

For meir informasjon, Gå til nettstad

Helsenorge.no

Helsenorge.no er ein vegvisar til helsetenesten og informasjon om helse, sjukdom, behandling og rettigheter. Innhaldet leveres av ulike organisasjonar i helsesektoren, som har ansvar for at innhaldet er oppdatert og held fagleg kvalitet. Helsedirektoratet er ansvarlig redaktør.

For meir informasjon, Gå til nettstad

Fritt sjukehusval

På bakgrunn av at pasientane fekk rett til fritt sjukehusval etter pasientrettighetsloven i 2001, etablerte Helsedirektoratet ei nasjonal informasjonsteneste for Fritt Sjukehusval Norge. Informasjonstenesta har vore operativ sidan 2003 og består av ei internetteneste og ei telefonteneste, som betjenes av pasientrådgjevarane i dei regionale helseforetakene.

For meir informasjon, Gå til nettstad