I behandlingstilbodet ved NKS Bjørkeli har me fokus på samanhengen mellom aktivitet og psykisk helse, og me tar utgangspunkt i dine ressursar, ynskjer og mål i behandlinga. Det blir lagt vekt på oppleving av meistring.

Me har ei aktivitetsavdeling beståande av ergoterapeut, aktivitetsleiar og aktivitørar. Me har ulike oppgåver og arenaer me jobber på, og saman med fysioterapeut gjev me eit tilbod i forhold til fysisk aktivitet/trening, daglege, sosiale og kreative aktivitetar. Me har eit stort og allsidig treningrom, store lokaler i aktivitetshuset og nyttigjer oss av Voss sin flotte natur og omgjevnader. Det er eit tett samarbeid med miljøpersonale i din avdeling og øvrig fagpersonale.

Kontaktperson for aktivitetsavdelinga:

Siv Helle, Ergoterapeut
Tlf: 92471857
Sentralbord: 56523940

Aktivitetshuset

NKS Bjørkeli har eit lyst og flott aktivitetshus, som har ein roleg og god atmosfære. Dette huset blir nytta til ulike aktivitetar og er ein sosial møtestad.
Aktivitetshuset har fast åpningstid mandag til fredag mellom 09.30 og 15.00. Aktivitørane tilbyr eit breitt utvalg av kreative og daglege aktivitetar. Det er også eit roleg allrom i 2 etasje med eit lite bibliotek. Aktivitetshuset blir også aktivt nytta ettermiddagar og helg saman med miljøpersonale, til biljardspeling o.l.
I andre etasje finn du fysioterapeut sine lokaler, og eit grupperom der det blir halde kurs/grupper o.l. Ergoterapeut har sitt kontor i 1 etasje.
I kjellaren har me eit musikkrom med ymse instrument. Ein vektlegg gode opplevingar gjennom bruk av instrument/song. Bruk av dette rommet etter avtale med miljøpersonale.
Me ynskjer deg velkomen til aktivitetshuset!