Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit allmennpsykiatrisk behandlingstilbod til vaksne med psykiske lidingar i Voss sjukehusområde som består av kommunane Voss, Granvin, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik.

Voss DPS inneheld Vaksenpsykiatrisk poliklinikk (VOP), Psykiatrisk rehabiliteringsteam (PRT) i tillegg til ein døgnavdeling. Døgnavdelinga ligg i hovedbygget på Bjørkeli i Bjørkelivegen 27. VOP og PRT ligg på Voss sjukehus i Sjukehusvegen 16. I septemper 2018 flyttar VOP og PRT inn i nybygg på Bjørkeli-tomta.

Døgnavdelinga på Bjørkeli har plass til 12 pasientar.

Voss DPS skal i tråd med føringar frå Helse Vest få nye nettsider i løpet av næraste framtid. Dei nye nettsidene skal vera universelt utforma på lik linje med nettsider for andre helseforetak i Norge. Sidene vil vera kobla til helsenorge.no

Våre hovedoppgåver er:

  • Utgreiing og behandling av pasientar
  • Utdanning av helsepersonell
  • Opplæring av pasientar og pårørande